Helgestillingar i Tiltak for funksjonshemma
Org. nr: - Stillingsident: 4140793737 Presentasjon av stillingen:
Frå 01.01.20 slår kommunane Fusa og Os seg saman til Bjørnafjorden kommune. "Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål.
Eining Pleie og omsorg omfattar fleire avdelingar: Fusa bu- og behandlingssenter, Heimesjukepleie og Tiltak for funksjonshemma med Avlastning for barn og unge i avlastningsbolig og privat heim. I tillegg har ein Dagsenter, Ambulerande Natteneste og BPA.
Er du student innan helse- og sosialfaglege eller pedagogiske fag? Eller har du interesse for og erfaring i frå helsefagleg arbeid?
Tiltak for funksjonshemma har ledig 6 x omlag 20 % faste helgestillingar frå snarast.
Stillingane har varierande stillingsbrøkar avhengig av avdeling, ordinære vakter eller langvakter og om det er arbeid 2. kvar ¿ 3. kvar eller 4. kvar helg.
Kanskje ønskjer du kombinere helgestilling med det å vera tilkallingsvikar?
Arbeidsoppgåver
- Pleie- og miljøarbeid.
- Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering.
- Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet.
- Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrer blir følgd.
- Fokus på fagutvikling.
- Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak.
- Veiledning og opplæring av medarbeidera og studentar.
- Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande.
- Bidra til godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Student innan helse- sosialfaglege eller pedagogiske fag. Eller har interesse for og erfaring i frå helsefagleg arbeid.
- Relevant helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning ¿ og har eit særleg ønskje om å arbeide deltid/helgestilling.
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Ønskjeleg med førarkort kl B.
- Krav om politiattest, jmf Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig.
- Strukturert.
- Godt humør.
- Løysingsorientert og endringsvillig.
- Fleksibel og lojal.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Motiverande og engasjerande medarbeidar.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med kjent, stabilt og kvalifisert personale.
- Varierte arbeidsoppgåver.
- Eit utviklande og lærande fagmiljø med internundervisning og kompetanseheving.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, etter gjeldande reglement, lov- og avtaleverk.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
Kontaktinformasjon
Torunn Haugen, einingsleiar, 93674514, trh@os-ho.kommune.no
Arbeidsstad
Brakabygda 12
5640 Eikelandsosen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fusa kommune
Referansenr.:4140793737
Stillingsprosent: 20%
Søknadsfrist: 27.10.2019
Om bedriften
Fusa - midt i blinken!
Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnafjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 920 innbyggjarar, god barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.
Visjon og slagord for kommunen er ¿Fusa ¿ midt i blinken!¿, og vi har som mål å levera treffsikre tenester. F.o.m. 1.1.2020 slår Fusa seg saman med Os til Bjørnafjorden kommune. Fusa kommune har ca 360 tilsette. Vi satsar på arbeidsmiljøtiltaket <> og arbeider i tråd med verdisettet R-O-M-S-L-E-G med tilhøyrande etiske retningslinjer. For alle stillingar i Fusa kommune gjeld desse generelle vilkåra.