Operasjonssjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4197358369 Presentasjon av stillingen:
KSK/ Kirurgisk seksjon 2 er ein seksjon i KSK og ein av 4 seksjonar i Sentraloperasjon. Vi utfører elektiv og øyeblikkeleg hjelp kirurgi innen fagfelta: Urologi, Plastikkirurgi, Brannskadekirurgi og barnekirurgi.
Arbeidsoppgåver
- Operasjonssjukepleiar har ansvaret for å planleggje og førebu til operasjon
- Ha rolle både som koordinerande operasjonssjukepleiar og som sterilt utøvande operasjonssjukepleiar
- Førebyggje skadar ved ulike kirurgiske leier og bruk av medisinsk utstyr
- Hygiene- og infeksjonsførebyggjande tiltak
- Klargjere og kontrollere utstyr med fokus på pasientsikkerheit
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Erfaring frå fagfelta er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- Meistre norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer søkjarar med gode samarbeidsevner og stor arbeidskapasitet
- Må trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
- Engasjert i fag og arbeid
- Positiv og motiverande
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eige program for nytilsette
- Store faglege utfordringar
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Hege Nybøe Moberg, Seksjonsleiar, 55970621, hege.nyboe.moberg@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4197358369
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.