Sjukepleiar/natt
Stord DPS er eitt av tre distriktspsykiatriske senter i klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF. Senteret har døgnavdeling og poliklinikk. Opptaksområdet for Stord DPS dekkjer dei fire kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, og Tysnes. Stord DPS er organisert saman med BUP Stord under felles leiing.
Vi har ledig 2 stillingar 50 % fast stilling på natt som sjukepleiar ved Døgnpost i turnus med arbeid kvar 3. helg/4.helg. Det er krav til godkjent autorisasjon for denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
- Tverrfagleg jobbing
- Gjennomføring av ulike rutinar
Kvalifikasjonar
- Godkjent autorisasjon
- Det er ønskelig med videreutdanning psykiatri
- Relevant sjukehuserfaring
- Erfaring frå samarbeid på tvers
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
- Personlig egnethet vil bli vektlagt
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Entusiastisk
- Gode kommunikasjonseevner
- Initiativrik
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Lojal
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Strukturert
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Nøyaktig
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anne Lise Skogvold, Funksjonleiar, 53490700, anne.lise.skogvold@helse-fonna.noArbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4580692882
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.