Styrar i Fyresdal barnehage
Kultur og oppvekst, Fyresdal kommune
Landstadvegen 30, 3870 Fyresdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Styrar i Fyresdal barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Fyresdal barnehage søker ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg barnehagestyrar.
Barnehagen er inne i eit prosjektløp med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, trygt og godt barnehagemiljø og eit overordna oppvekstarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk, personal- og administrativ leiing
- Utvikling og kvalitetssikring av det pedagogiske tilbodet
- Førebygging og tidleg innsats
- Tilrettelegge for god struktur og informasjonsflyt
- Vere ein aktiv kollega i kommunale og interkommunale samarbeid
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar eller tilsvarande høgskuleutdanning
- Styrar-/leiarutdanning og/eller dokumentert leiarerfaring er ein fordel
- Fagleg oppdatert på barnehageområdet
- Rettleiingskompetanse kan vere ein fordel
- God økonomisk forståing og budsjettstyring
- Høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Evne til å jobbe strukturert og systematisk
- God kommunikasjons- og samhandlingsevne
- Vere ein synleg og tydeleg leiar
- Kompetanse i bruk av ulike digitale verktøy og evne til å lære nye system
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Som leiar evnar du å inspirere, motivere og utvikle tilsette til å levere gode opplevingar og resultat.
- Du er tydeleg og har ein naturleg autoritet, og skapar positivt engasjement og driv i dine omgjevnadar.
- Kulturbygging er viktig, og du evnar å få eit sterkt fagmiljø med deg.
- Din relasjonelle kompetanse er høg og blir bruka aktivt for å skape konstruktive samarbeid og løysingar med kollegaer, barn, foreldre/føresette, samt andre faglege instansar.
- Du har faglege ambisjonar og hjarte for det du driv med - arbeide med og for barn.
- Å bry seg, skape tillit og få folk med seg er ein viktig eigenskap.
- Eit kontinuerleg fokus på utvikling av eit inkluderande arbeidsmiljø og barnehagemiljø med stolte medarbeidarar er avgjerande for utvikling og utøving av god barnehagedrift med rett kvalitet.
Vi tilbyr
- Ei inkluderande leiargruppe
- Leiaroppfølging
- Godt regionalt samarbeid
- Rask behandling av barnehage- og SFO-plass
- Ein allsidig og spanande kvardag med mange ulike og varierte arbeidsoppgåver
- Ein fin barnehage som blei ombygd og renovert i 2016 og ligg nært til Hamaren Aktivitetspark, skule, helsehus, bibliotek, idrettshall og symjehall
Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringsloven § 10-9.
Kontaktinformasjon
Liv Johre Bakke, Kommunalsjef kultur og oppvekst, +47 97760221Arbeidssted
Landstadvegen 303870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4882753244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
Om bedriften
Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789786
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b64e979c550f4439a534e2b458ad2c8c