Sommarjobb Bømlo bu- og helsesenter
Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb BBH
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein spanande sommarjobb innafor helse? Vil du bli ein del av vårt omsorgsteam, og ynskjer å gjer ein skilnad i kvardagen til våre pasientar? Då er dette jobben for deg!
Me lyser no ut ei annonse for sommarjobb ved Bømlo bu- og helsesenter. Me ynskjer deg som har høve for å jobbe 6 veker i løpet av veke 25-32, og spesielt i juli/august månad.
Arbeidsoppgåver og litt om oss
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene på ein av avdelingane våre på Bømlo bu- og helsesenter. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Me vil gje deg introduksjon/opplæring.
Ved Bømlo bu- og helsesenter har me som mål å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Institusjonen består av tre avdelingar: Korttid og rehabilitering (KOR), Post 1, og Post 2. I tillegg har me eige kjøkken og reinhaldsavdeling, og treng nokon som ønskjer å jobbe som kjøkkenassistent eller reinhaldsassistent i sommar.
- KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har 7 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Avdelinga har tverrfagleg samarbeid med lege, heimetenesta, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta.
- Post 1 og Post 2 er to langtidsavdelingar med 34 og 25 plasser. Avdelingane har god fagdekning, høg kompetanse og eit godt arbeidsmiljø med arbeidsoppgåver som er både varierte og utfordrande. Avdelinga har eit tett tverrfagleg samarbeid med blant anna lege og ergo-fysioterapitenesta.
- Kjøkkenet kokar og lagar mat til bebuarane på sjukeheimane, til heimebuande og til dei på trivselshuset. I tillegg har dei ansvar for kantinedrift på helsehuset og på rådhuset.
- Reinhald har ansvar for reinhald på heile helsehuset måndag til fredag.
Kvalifikasjonar
Me søkjer:- Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning.
- Assistentar til reinhald/kjøkken.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav.
Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med menneskjer og likar å hjelpe andre
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Sommarvikarar som har sommarjobb i turnus (35,5 t/v) over ein periode på minimum seks veker kan få utbetalt ein bonus. Bonus blir betalt ut i frå faktisk arbeida stillingsprosent. Ein må jobbe minimum en 70% stilling for å få bonus. Ein 100% stilling gir bonus på kr. 10.000. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen. Sommarvikarar er dei som har søkt sommarjobb, uavhengig om dei elles i året har små stillingar i tenestene våre.
Anna informasjon
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4.
For arbeid på institusjon og i omsorgstenester, samt legetenesta må du ha fylt 18 år.
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Søknader vert behandla fortløpande. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Monica eller avdelingssleiarar Isabel, Chatrin og Leif Christian.
Kontaktinformasjon
Ann Mari Mikalsen, Kjøkkenleiar, 47275457, ann.mari.mikalsen@bomlo.kommune.noIsabel Knutsen, Avdelingssjukepleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no
Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingssjukepleiar Post 2, 474 52 732, chatrin.risoy@bomlo.kommune.no
Leif Christian Andersen, Avdelingssjukepleiar Post 1, 908 93 242, leif.christian.andersen@bomlo.kommune.no
Monica Smedsrud, Verksemdsleiar, +47 40485607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4751416673
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2024
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2540154
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6f1bf756e157447fb1a11d3eb871ca5c