Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Avdeling Allmennpsykiatri/ Seksjon for akutte tjenester, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist, Seksjon for akutte tenester
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Kronstad Distriktspsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen, Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit moderne bygg på Danmarksplass.
Liker du teamarbeid? Ønsker du ein variert og spennande arbeidsdag, der du får anvendt fagkunnskapen din på mange ulike måtar? Då kan dette vere noko for deg! Vi har ledig ein 100% fast stilling for psykologspesialist i vårt akutt-team
Kronstad DPS søker etter psykologspesialist i fast 100% stilling i Seksjon for akutte tenester (SAT). SAT er pt. bemanna med psykiater, 2 psykologspesialistar, 2 psykologar, seksjonsleiar/psykiatrisk sjukepleiar og sosionom. SAT har ansvar for alle akuttvurderingar og vurderingar med kort frist, og fullfører fleire oppfølgingsløp etter akuttvurdering. Ei av hovudmålsettingane med oppfølging av SAT er å tilby god akuttbehandling og unngå unødig innlegging. SAT følger opp pasientar i avgrensa behandlingsforløp, i all hovudsak i kontora ved avdelinga.
SAT tar i mot tilvisingar frå legevakt, poliklinikk, fastlegar, sjukehus og private spesialistar. SAT har hovudansvar i akutthjelpsordninga ved Kronstad DPS med daglege akuttvurderingar. SAT har ukentlig undervisning og deltar på fellesundervisning, fagutvikling og anna samhandling ved Kronstad DPS. Det er etablert eigen spesialistrettleiing, samt moglegheit for forsking.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge vidare organisatorisk og fagleg utvikling av SAT saman med teamet og i tråd med sentrale føringar og lokale retningslinjer. Vurdere og behandle akuttpsykiatriske tilstandar, samt vurdere riktig vidare oppfølging/ behandling der dette er aktuelt
- Samarbeide med poliklinikkar og sengepostar i DPS og med øvrige instansar som har med pasienten å gjere
- Vurdering av tilstand og behandlingsbehov hos pasientar som er tilvist akuttime i DPS, og igangsette eller fullføre dette behandlingsforløpet. Pasientar i SAT blir følgde opp i avgrensa behandlingsforløp
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist med brei erfaring innan psykisk helsevern for vaksne
- Erfaring frå allmennpsykiatri og akuttpsykiatri er ein fordel
- Du må ha interesse for å utvikle våre akutte tenester og ha erfaring med arbeid i team
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode samarbeidsevner, vere fleksibel og arbeide sjølvstendig
- Ønske om å utvikle teamet til det beste for pasientane
- Trivast med varierte arbeidsoppgåver og teamarbeid
- Du må kunne jobbe strukturert og målretta samtidig som du kan handtere ting ad hoc, og bidra positivt til arbeidsmiljøet
- Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Anledning til å delta i utforminga vidare av SAT og i Kronstad DPS
- Eit godt fagleg fellesskap med høg kompetanse og høg trivsel, der tryggleik på kvarandre og gjensidig støtte er viktige pilarar
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Helga Mjeldheim, psykologspesialist, 55956000Gunnhild Karlsen Stien, Seksjonsleiar, 55956000
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4892151705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Gunnhild Karlsen Stien
Seksjonsleiar
55956000
Helga Mjeldheim
psykologspesialist
55956000
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811354
- Hentet fra
talentech
- Referanse
abf1cbb9a8784be199d38d736f43322d