Sjukepleiar natt 62,4 % fast stilling heimetenesta
Avdeling heimetenester og TTF, Fyresdal kommune
Folkestadgata 12, 3870 Fyresdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar natt 62,4 % fast stilling heimetenesta
Oppstart
1. april 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 62.4%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar er viktig. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet og det er viktig og kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!
Vi søker sjukepleiar til heimetenesta på natt. Vi ynskjer oss ein sjukepleiar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging.
- Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.
- Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.
- Medikamenthandtering.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Er imøtekomande ovanfor pasientar og pårørande.
- Har gode samarbeidsevner.
- Har god evne til å jobbe sjølvstendig.
- Er ansvarsfull og stabil.
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
- Har stor arbeidskapasitet.
- Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
- Likar utfordringar.
- Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.
- Den som vert tilsett må ha førarkort kl. B.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
- 35,5 timars veke. Arbeid i turnus på natt og arbeid kvar 3. helg.
- Løn etter avtale.
- Hjelp til å skaffe bustad.
- Vakker natur, rein luft og eit hav av mogelegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
- Barnehage og skule er lokalisert i sentrum.
- Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, herunder 6 månadar prøvetid.
Kontaktinformasjon
Gunn Marit Aslestad, Avdelingsleiar HSPL/TTF, +47 97717105Arbeidssted
Folkestadgata 123870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4904961641
Stillingsprosent: 62,4%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 02.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Gunn Marit Aslestad
Avdelingsleiar HSPL/TTF
+47 97717105
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2831615
- Hentet fra
talentech
- Referanse
17b7b080f1f34904a0261af09fb6f2e9