Miljøarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4195843133 Presentasjon av stillingen:
Eininga yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- el. meistringsnivå.
Det er ledig 83 % fast stilling som miljøarbeidar frå snarast.
Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida med arbeid kvar 4. helg.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid til personar med psykiske- /ruslidingar el. psykisk utviklingshemming.
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Gjerne erfaring frå miljøarbeid.
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan søkjarar utan utdanning bli vurdert.
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt. Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Steinar årberg, Fagleiar, 934 74 099, steaar@stranda.kommune.no
Lill Gullbekkhei, Einingsleiar, 46411059
Arbeidsstad
Øyna 13
6200 Stranda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Stranda kommune
Referansenr.:4195843133
Stillingsprosent: 83%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2020
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir