Helsefagarbeidar (natt), i inntil100% fast stilling
Gulen kommune
Engesetvegen 125, 5961 Brekke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing helsefagarbeidar (natt), i inntil100% fast stilling frå snarast
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som helsefagarbeidar, nattevakt, ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Turnus er for tida knytt til avdeling Brekke og har arbeid annankvar helg, i tillegg til vakter i vekene. Det vert arbeida med å sjå på ulike arbeidstidsordningar i sona. Ta kontakt med einingsleiar (kontaktperson i annonsen) om du har spørsmål til stillinga, og lurer på om du skal søke!
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn med brukarar i heimetenesta på natt
- Hjelp og tilrettelegging til brukarar med ulike funksjonsnivå, til dømes; stell, pleie, medikamenthandtering, ernæringsoppfølging osb.
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Dokumentere og rapportere i journalsystem
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels tilsetjing.
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
- Trivast med å jobbe på natt
- Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
- Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Vi har frå juli 2023 innført ekstra helgetillegg på 50 kr/time, i tillegg til tariff, med evaluering husten 2024.
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted