Leiar for forskingsgruppa Havforsking i utviklingsland
Jobbnorge ID: 185305
Om stillinga
Havforskingsinstituttet er eit forvaltningsinstitutt som gir forskingsbaserte råd til våre myndigheiter innan nasjonal og internasjonal hav- og kystsoneforvaltning. Alle tilsette er inndelt i faggrupper eller avdelingar som er ansvarlege for utviklinga innan eigne fagområde. Havforskingsinstituttet har til saman 23 faggrupper som arbeidar med forsking. Det er no ledig fast stilling som leiar for forskingsgruppa Havforsking i Utviklingsland.
Om avdelinga
Forskingsgruppa skal støtte oppbygging av kompetanse, kapasitet og sjølvstendige forskingsinstitusjonar innan tropisk ressursøkologi, akvakultur og marint miljø i utviklingsland. Fiskeri- og miljøforsking, organisasjonsoppbygging og andre samfunnsfaglege forhold er viktige element i dette arbeidet. Utanriksdepartementet og NORAD er dei viktigaste oppdragsgjevarane for dette arbeidet. På oppdrag av FAO driftar Havforskingsinstituttet forskingsfartøyet <>. Fartøyet er ein viktig plattform for forskings- og utviklingsarbeidet, og forskingsgruppa har eit spesielt ansvar for leveransane og den vitskapelege kvaliteten samt opplæring av kollegaer i samarbeidslanda.
Sentrale arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva for forskingsgruppeleiar er å bidra til instituttet sin faglege utvikling innan gruppa sine fagfelt. Dette inneber personalansvar og -leiing av medarbeidarane i gruppa, og å fordele gruppa sine personellressursar i tråd med instituttet sitt behov for kompetanse i prosjekt. Leiar har ansvar for at medarbeidarane sin kompetanse blir teken i bruk og utvikla i tråd med instituttet sin faglege strategi. Ein viktig føresetnad for at instituttet skal lukkast er at leiar evner å utvikle og motivere sine medarbeidarar, og ser sitt forskingsområde i ein heilskapleg samanheng med dei andre forskingsområda på instituttet. Forskingsgruppa består i dag av 8 forskarar, 4 rådgjevarar og 8 teknikarar. Forskingsgruppeleiar rapporterer til forskingsdirektør for Marine økosystem og ressursar.
Kvalifikasjonar
Søkjar må kunne dokumentere relevant forskingskompetanse tilsvarande 1183 forskar/1013 professor eller 1110 forskar, og leiarerfaring, helst frå forskingsbasert verksemd. Det er ein føremon med erfaring frå arbeid relatert til utviklingsland og/eller tokt med forskingsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen. Ein vitskapleg komité vil bedømme aktuelle kandidatar dersom dei ikkje kan dokumentere nødvendig forskingskompetanse.
Gode leiareigenskapar er naudsynt. Vedkommande må vere resultatorientert, ha gode samarbeidsevner og kunne motivere medarbeidarane. Arbeidsspråket er norsk, og det vert stilt krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Vi legg til grunn at søkjaren også meistrar engelsk på høgt nivå, både skriftleg og munnleg.
Det er ein føresetnad for å lukkast i stillinga at leiar held seg fagleg oppdatert på forskingsgruppa sine fagområde og utviklar gruppa sin kompetanse slik at Havforskingsinstituttet og samarbeidspartnarar leverer relevant forsking og rådgjeving med god kvalitet mellom anna for UD, NORAD, FAO og WHO.
Arbeidsstad vil vere i Bergen. Ein god del reiseverksemd må påreknast. Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan verte pålagde ved behov.
Vi tilbyr
- arbeid i ein leiande forskningsinstitusjoner, med stor samfunnsmessig verdi
- eit spanande og solid fagmiljø
- fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
- offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- bedriftshytter
- bedriftsidrettslag
Ytterlegare informasjon
Stillinga vert løna i stillingskode 1111 Forskingssjef, brutto kr 750 000 til 950 000, ut frå kvalifikasjonar. Høgare løn for spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan vere aktuelt. Det vert trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få hos forskingsdirektør Geir Huse på tlf. 412 83 841. Sjå også nettsida vår www.imr.no.
Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga.
Havforskingsinstituttet har som mål å auke talet på kvinner i leiarstillingar, så kvinner vert spesielt oppfordra om å søkje.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.
Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida med CV, relevante attestar og vitnemål.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Havforskingsinstituttet (HI) er eit av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre,
Austevoll og Flødevigen. Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.