100 % fast stilling som avdelingsleiar/inspektør f.t. ved Vinstra ungdomsskole
Beskrivelse
100 % fast stilling som avdelingsleiar/inspektør f.t. ved Vinstra ungdomsskole er ledig frå 1.8.2020.
30 % av stillinga som avdelingsleiar/inspektør er f.t. knytt til avd. Vaksenopplæringa. Vaksenopplæringa - som og inneheld grunnskoleopplæring - er organisert under tenesteområde Vinstra ungdomsskole.
Pr. 1.8.2020 er ca. 20 % av stillinga som avdelingsleier/inspektør ved Vinstra ungdomsskole knytt til undervisning.
Vinstra ungdomsskole har om lag 200 elevar og 39 tilsette. Skolen er einaste ungdomsskolen i kommunen, og tek imot elevar frå barneskolane Kvam skole, Skåbu oppvekstsenter, Barhaug skole og Sødorp skole.
Arbeidsoppgåver
- Rektor sin stedfortredar.
- Fag- og personalansvar, dagleg drift og skoleutvikling saman med rektor.
- Planlegging av organisering av undervisning og anna arbeid for tilsette (Timeplanlegging, inspeksjon mm)
- Skrive arbeidsplanar for kvar lærar.
- Delta aktivt i leiarteam, både innafor eiga tenesteområde og i utvida kommunalt leiarteam.
- Didra i arbeid med budsjett, årsmelding, innstilling i lokale lønsforhandlingar, osv.
- Arbeide aktivt for eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
Tilfredsstillande og godkjent undervisningskompetanse. Søkjarar bør ha leiarkompetanse og god kjennskap til skole og regelverk.
Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt, slik som:
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Positiv, engasjert og gode samarbeidsevner.
- Gode formuleringsevner, munnleg og skriftleg.
- Nytenkjande og utviklingsorientert.
- God gjennomføringsevne.
- Evne til å byggje relasjonar.
- Digital kompetanse.
Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
Vi kan tilby
- Fast stilling i ein framoverlent kommune med fokus på økonomistyring, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Konkurransedyktig løn.
- Hjelp med å finne bustad.
- Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.