Familieveileder - 80% fast stilling
Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
Stillingstittel
Familieveileder - 80% fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vestre Slidre kommune ynskjer å satse på familiar og førebygging, og lyser ut 80% fast stilling som familieveileder. Stillinga er ein ressurs i kommunens tverrfaglege arbeid retta mot gravide, barn, unge og familiar, der hovudoppgåvene er å kartlegge, veilede og følgje opp familiane. Stillinga er knytt til helsestasjonen. Den er ein del av eininga familie, helse og førebygging som består av legesenter, barnevern, psykisk helse, kommunepsykolog og helsestasjons- og skulehelseteneste. Familieveilederen har ei viktig rolle i det tverrtenestelege samarbeidet.
Er du rett person til å utvikle denne tenesta? Då må du søke!
Arbeidsoppgåver
- Bidra til systematisk oppfølging og tidleg innsats av familiar, gjennom individuell- og gruppebasert rettleiing og gjennom samarbeid med andre aktørar
- kartlegge behov for tiltak gjennom observasjon og samarbeid
- Prioritere, iverksette og evaluere tiltak for å ivareta den enkelte families behov
- Tilretteleggje for nettverksarbeid i samarbeid med frivillige aktørar
- Tilby heimebesøk (dag – og kveldstid)
- Rettleie andre tenester for å bidra til kompetanseoverføring
- Jobbe førebyggjande på alle nivå
- Dele og implementere kompetanse om traumesensitivitet
- vere koordinator der det er hensiktsmessig
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant høgskule-/universitetsutdanning innan helse/sosial/pedagogikk
- Erfaring frå arbeid med familiar og veiledning
- Ynskjeleg med kompetanse innan foreldreveiledningsmetoder, t.d. Circle of security (COS) og kunnskap om traumesensitiv omsorg
- Inneha førarkort og kunne disponere privat bil i tenesta
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- evner å bygge relasjon til barn, unge og foreldre
- Kan håndtere og ivareta menneske i krise
- opptrer imøtekommande og respektfull overfor barn, ungdommar, foreldre og samarbeidspartnarar
- har fokus på brukarmedverknad og meistring
- er nytenkande og kan bidra til utvikling av tenesta
- trivast med å jobbe sjølvstendig
- er fleksibel og løysningorientert
- har god samhandlingskompetanse
- bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Ei kommune som jobbar aktivt med å skapa gode arbeidsplassar
- Moglegheit for etterutdanning og personleg utvikling
- Eit engasjert, tverrfagleg og kompetent fagmiljø
- Lønn etter gjeldande avtaler
- God pensjonsordning og gruppelivsforsikring i KLP
- Fleksitid
Kontaktinformasjon
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, melanie.degen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4770378641
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 28.07.2024
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 117 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2687497
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5fb9a8c10ab54912bbfa4df1bf566669