Sjukepleiar/ vernepleiar - alderspsykiatri
Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/ vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar/ vernepleiar med kompetanse innan alderspsykiatri.
Seksjonen har ansvar for å tilby poliklinisk behandling til menneske over 18 år med ulike psykiske lidingar og/ eller rusproblematikk. Vi er organisert med tverrfaglege team, der vi legg vekt på at dei tilsette skal ha ulik formell kompetanse og erfaring. Behandlarane må kunne ta imot og behandle personar med eit breidt spekter av problemstillingar innan fagfeltet. Oppstart: etter nærare avtale
Arbeidsoppgåver
Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar/ rusproblematikk. Ha eit særleg ansvar for pasientar med alderspsykiatriske problemstillingar. Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1.- og 2. linetenesta. Samhandling med pårørande. Ein må rekne med reiseverksemd og ambulerande arbeid. Mild turnus, dvs få kveldsvakter og heimevakter på helg, i utgangspunkt kvar 8. vekeKvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg. Klinisk erfaring og interesse for arbeid med alderspsykiatri. Førarkort klasse B. Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.Personlege eigenskapar
Interesse for fagfeltet. Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar. Evne til å skape gode relasjonar. Gode samarbeidsevner. Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert. Evne til å prioriter oppgaver i en hektisk kvardag. Lyst til å utvikle deg saman med oss. Personleg eigna vert tungt vektlagt.Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Varierte og spennande arbeidsoppgåver. Gode mulegheiter for fagleg utvikling. Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer. Trivelig arbeidsmiljø.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Børre Taklo, Seksjonsleiar, 578 64 330Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4770588984
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.04.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2611002
- Sist endret
22. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
65ef4ad81ad74a32b4812ad97c504cb7