Avdelingsleiar elevtenesta
Org. nr: 874557552 Stillingsident: 4187614154 Presentasjon av stillingen:
Fusa vidaregåande skule er ein kombinert skule med utdanningsprogramma: Studiespesialisering KDA, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon, restaurant- og matfag, naturbruk og TAF- tilbod. Skulen har over 300 elevar og 50 tilsette. Skulen stor vekt på trivsel og eit trygt og godt læringsmiljø. Den vaksne sitt ansvar i denne samanheng vert vektlagt. Me gjer kvarandre gode og vil kvarandre vel. Skulen si pedagogiske plattform definerer skulen sitt elev- og læringssyn. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei god opplæring.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk og koordinerande ansvar for hovudområda karriererettleiing, psykososiale tenester og spesialpedagogisk tilrettelegging
Delta i skulen si leiargruppe og bidra i skulen sitt utviklingsarbeid
Leiar i ressursteam og samarbeida med eksterne instansar
Arbeid med trygt og godt skulemiljø
Personalansvar
Arbeid på system- og individnivå for å nå overordna målsetjingar
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med utdanning/ erfaring frå skuleleiing
Det er ønskjeleg med undervisningskompetanse i eitt eller fleire fag som skulen gjev tilbod om
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skole må leggje fram politiattest
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med andre
Du har stor arbeidskapasitet og evnar også å jobba sjølvstendig
Du har ei løysingsorientert innstilling til arbeidsoppgåvene og utfordringar
Du involverer og motiverer andre
Du kan stå inne for skulen og fylket sitt verdigrunnlag og pedaogiske plattform
Vi tilbyr
Delta i eit offensivt team med godt arbeidsmiljø
Gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Deltaking i fylket sitt leiarutviklingsprogram
Ein arbeidsplass med spesielt god atmosfære
Eige treningsrom
Andre opplysningar
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2 ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Håvard Ragnhildstveit, Rektor , 97061197, havard.ragnhildstveit@vlfk.no
Arbeidsstad
Leiro
5640 Eikelandsosen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4187614154
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2020