Tomrefjord skule/SFO
Vestnes kommune Tomrefjord skule
Lidvegen 14, 6393 Tomrefjord
Om jobben
Stillingstittel
Språkassistentar - 200 % midlertidige stillingar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stillingstype
Det er ledig inntil 200 % midlertidige språkassistentstillingar ved Tomrefjord skule og SFO for perioden 01.08.2024 - 31.07.2026. Vi søkjer etter språkassistentar for elevar med ukrainsk og/eller russisk som morsmål.
Språkassistentane skal arbeide både i skulen og på SFO.
Arbeidsoppgåver
- bistå lærarane under undervisning
- oversette og forklare for eleven det lærarane formidlar
- følgje elevane i ulike aktivitetar i skulen og på SFO
- ev. andre oppgåver
Kvalifikasjonar
- du må kunne russisk og/eller ukrainsk
- du må snakke og skrive godt norsk, ønskeleg på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Personlege eigenskapar
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysings- og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
- fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2594409
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3319467_191809_nn