Lærar Vardheia ungdomsskule
Har du lyst til å arbeida på ein ny skule, der det praktiske møter det digitale, og der initiativ og engasjement blant tilsette vert heia fram? Me har ledig to 100 % faste stillingar
Vardheia ungdomsskule opna dørene i august 2021 og har ein fantastisk gjeng med engasjerte tilsette, flotte elevar og ein skulebygning utanom det vanlege. Men akkurat nå manglar me to lærarar.
Sjå oss vil du få sjansen til å arbeida i eit solid, breitt og ungt miljø med mykje energi, engasjement og stor interesse for å skape unike læringsprosessar for våre elevar. Me har eit spesielt fokus på å arbeide tverrfagleg, anerkjenning av ulike talent og står solid på tre bein: det praktiske, det digitale og det kreative.
Skulen er bygd gjennom samarbeid mellom Klepp og Time kommune og har plass til 450 elevar frå begge kommunane.
Første etasje er sett av til dei praktiske faga, bygd etter modell frå vidaregåande skule. Skulen har ei velutstyrt tradisjonell kunst- og handverksavdeling. I tillegg har skulen store og velutstyrte verkstadar for metall og mekaniske fag, bygg og trefag og storkjøkken og restaurant. Dermed ligg alt til rette for å kunne gje elevane arbeidslivsfag på eit nivå få ungdomsskular har høve til.
Skulen er også utstyrt med eit stort skaparverkstad med ulike typar maskinar og produksjonsutstyr. Her kan elevane få utfolde sin kreativitet gjennom arbeidsformer som til dømes elevbedrift ved hjelp av mange av dei verktøya næringslivet har å tilby.
Undervisningsromma i andre etasje er organisert fagvis og skolen har forlatt dei tradisjonelle klasserom til fordel for fagrom. Dette gjev høve til å tilpassa innreiing og utsmykking til dei enkelte fag sin eigenart og kan med dette også bidra til å skapa eit godt fagleg læringsmiljø.
Sentralt i skulebygget er kantine og sceneområde, læringslab og mediatek. Desse områda er tilgjengelege for elevane gjennom skuledagen og vil verta brukt aktivt både i forhold til fagleg og sosialt arbeid.
Skolen er skildra godt i Utdanningsnytt, sjå https://www.utdanningsnytt.no/praktisk-undervisning-ungdomsskole/vardheia-ungdomsskole-er-bygget-som-en-yrkesfaglig-skole-med-verksteder-storkjokken-og-restaurant/308608
Ikkje vent til fristen med å søkje, me kjem til å invitera inn aktuelle søkjarar fortløpande til intervju. Me gler oss til å verta kjent med deg!!
Arbeidsoppgåver
- Verdas beste og viktigaste jobb: Undervisning
- Sjå og møta den enkelte elev der ho/han er
- Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang
- Samarbeida godt og spela på lag med andre
- Organisera tverrfaglege tema og fagdagar
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning
- Gode kunnskaper både fagleg og didaktisk
- Er ein tydeleg og strukturert klasseleiar / faglærar
- Kan tilpasse opplæringa til det beste for kvar einskild elev
Personlege eigenskapar
Me søker etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som vert initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har gode relasjonskompetanser, gode samarbeidsevner og er dyktig klasseleiarar. Du må vera sjølvstendig, strukturert, fleksibel og løysningsorientert. Du må ha eit stort engasjement for elevane og skulen.Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer med mye energi, initiativ og eit særs godt og ungt arbeidsmiljø
- Heilt ny og moderne skule med særs gode fasilietatar der alt ligg til rette for praktisk, variert og engasjerande læring
- Lønn etter kvalifikasjonar og tariff
- Gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Eirik Jåtten, Rektor, 47309795, eirik.jatten@time.kommune.noArbeidsstad
Nordlysvegen 104340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4793816614
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2024
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.