Fløgstad skule
Sauda kommune Fløgstad skule
Rådhusgata 32, 4200 Sauda
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Fløgstad skule har 2 faste ledige stillingar for fagarbeidar i skule og/eller SFO i henholdsvis 45 % og 60 % stilling.
Brenn du for å vera og gjera ein positiv skilnad for barn og unge, oppmodar me deg til å søkja.
Arbeids- og ansvarsområde
- Oppfølging av enkeltelevar og grupper av barn i skule og/eller SFO.
- Delta i samarbeid om planlegging, organisering og gjennomføring av pedagogisk tilbod for barna i skule og/eller SFO.
- Bidra til god dialog og samarbeid med føresette.
Krav til kompetanse
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Andre med relevant utdanning og/eller erfaring kan også søkja.- Gode IKT- dugleikar
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
Personlege dugleikar vil bli vektlagt
Me søkjer etter personar som
er oppteken av- og jobbar for alle barn sin rett til plass i eit inkluderande fellesskap.
- kommuniserer trygt og godt med barn/unge, tilsette og leiing.
- er tolerant og robust i møte med barns ulike åtferdsuttrykk.
- er ein tydeleg vaksen som set grenser med omsorg og kjærleik.
- er løysingsorientert og har evne og vilje til å sjå på eigen praksis, når det me gjer ikkje fungerer.
- er fagleg engasjert og bidreg med innspel for å vidareutvikla tilbodet.
- er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag
Me kan tilby
En spanande og variert jobb
Pensjonsordning i SPK/KLP
Gode forsikringsordningar
Tilsettingvilkår
Den som blir tilsett vil vere underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, forskrifter og avtalar, samt lokale avtalar, reglement og retningslinjer for Sauda kommune. Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest.
Søknad
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me tilrår difor alle å søkja via vårt elektroniske søknadssystem.
Om du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønnskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 00.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2627204
- Sist endret
11. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3338737_200791_nn