40% vikariat assistent ved Eidesbrotet bofellesskap
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. desember
Vi har ledig et års vikariat stilling for assistenter ved Eidesbrotet bufellesskap fra 01.01.25
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.
Hovedarbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid
Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
Yte tenester etter gjeldande vedtak
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi ser etter deg som
kan arbeide sjølvstendig og i team
har gode samarbeidsevner
er fleksibel og positiv til endringar
trivest med å vere i fysisk aktivitet
Erfaring og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Det blir lagt vekt på at du er stabil og personleg skikka til stillinga.
Du må ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg
Vi kan tilby:
Ein spennande og lærerik jobb
Opplæring og rettleiing
Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2805297
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3436751_193155_nn