Operatør/Maskinførar
Ønskjer du ein spennande og lærerik arbeidsplass i Europas største pukkverk? Då er du velkommen til å søkje stilling i vår bedrift. Logistikkavdelinga i bruddet på Norsk Stein trenger fleire dyktige medarbeidarar og søker derfor etterOperatør/Maskinførar
til maskinkjøring og anna førefallande arbeid.
Arbeidet vil bestå av:
Kjøring av anleggsmaskinar ved transport til og frå knusar i ein 5-skifts rotasjon. Aktuelle maskinar er hjullastar, dumper og gravemaskin. Kjøring av andre anleggsmaskinar kan også vera aktuelt. I dagtidperiodar er stillinga underlagt Vedlikehold- og Driftsavdeling med tilhøyrande arbeidsoppåver.
Me ønskjer deg som har erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver:
- Har førarkort (kl. B eller C).
- Relevant kompetansebevis som maskinførar (M2 M3 M4 M6).
- Erfaring frå industri og/eller entreprenør.
- Er engasjert, strukturert og har gode samarbeids eigenskapar.
- Har godt humør og god helse.
- Har høgt personlig HMS fokus.
- Har stå på vilje og er eit arbeidsjern.
- Interesse for maskinkøyring og mekanisk arbeide.
- Sjølvstendig.
- Skandinavisk talande.
For stillinga gjeld:
- Arbeidstida er primært skift, 5-skift.
- Du bør ha evna til å jobbe planmessigt, effektivt og vera fleksibel.
Me tilbyr:
- Hyggelege medarbeidarar i eit trivelig og godt fagleg arbeidsmiljø
- Gode muligheiter til fagleg og personleg utvikling.
- Gode og trygge arbeidsforhold
- Ny maskinpark
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- AFP bedrift.
- Store og relativt nye maskinar, eksempelvis CAT 777, Komatsu 785-7, CAT 992, CAT 390 og Volvo 750.
Me ønskjer mangfald blant våre tilsett og ønskjer søkjarar uavhengig av kulturell bakgrunn, kjønn og alder.
Om bedriften
Norsk Stein AS, avd. Jelsa, har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, veibygging og offshorekonstruksjoner. Vi er lokalisert i Suldal kommune, er 187 tilsette, 14 lærlinger, 3 Traineer og 3 YSK- elever, og har en årsproduksjon på opp mot 12 mill. tonn.