Sosial bibliotekar med god digital kompetanse
Vinstra vidaregåande skule har ledig inntil 24 % vikariat som bibliotekar frå 1. august 2019. Vikariatet er ut 2019, med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer deg som
- likar ungdom og ser alle
- har god relasjonskompetanse
- er sjølvstendig, samarbeidsviljug og bidreg på ein positiv måte i kollektivt utviklingsarbeid
- har god fagleg kompetanse
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnader
- fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- skulebibliotekar i 24 % stilling
- vikariat ut 2019
- moglegheit for forlenging
- bibliotek og IKT er samlokalisert og tilgjengleg for elevar og tilsette heile skuledagen
Arbeidsoppgåver
- veilede elevar og lærarar i det daglege skulearbeidet
- bemanne skranke
- utlån og administrasjon av lærebøker
- klargjering av nytt materiale og bokoppsetting/rydding
Ønskte kvalifikasjonar
- bibliotekfagleg utdanning
- god digital kompetanse
- erfaring med utlånssystemet Mikromarc
- erfaring frå skulebibliotek
Ønskte eigenskapar
- utadvendt og sosial
- serviceinnstilt og allsidig
- glad i litteratur og formidling
Vi ser fram til å sjå søknaden din.
Om bedriften
I hjartet av Gudbrandsdalen finn du Vinstra vidaregåande skule som ein arena for kunnskap, læring og fellesskap, med moglegheiter for alle. Skulen er tufta på gamle tradisjonar, men er likevel moderne og i stadig utvikling.
Skulen har seks utdanningsprogram: Studiespesialisering, musikk og dans, helse- og oppvekstfag, elektrofag, byggfag, og teknikk og industriell produksjon. Skulen har 450 elevar og om lag 100 lærarar, og er eigd og drive av Oppland fylkeskommune.
Vinstra vidaregåande skule skal vera ein døropnar for ungdomar til vidare utdanning og arbeidsliv. Vi arbeider for at elevane skal bli gode samfunnsborgarar og for å gjere dei klare for framtida.
Vi legg vekt på høg kvalitet, både sosialt og fagleg, for å fremje trivsel og læring. Vi ønskjer å gi våre elevar kompetanse på vegen til å nå sine mål og draumar - gode forbilde formar framtida!