Sjukepleiar vikariat på natt
Sauherad bygdeheim
Skrivarvegen 2, 3810 Gvarv
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - vikariat
Oppstart
1. september 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidstid
Turnus, natt, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ønsker du en arbeidsplass med engasjerte kollegaer, godt arbeidsmiljø og god sjukepleierdekning med faglege utfordringar er Bygdeheimen plassen for deg!
Me er ein sjukeheim med fokus på gode opplevingar i kvardagen. Fast besøk av Røde Kors omsorgen og Sagavoll elever som har aktivitet for eldre som valgfag. Me har besøk av kulturskolen, konsertar og andakt. Me benyttar også nærmiljøet. Saman med pasientane har me reist på blant annet til Evju Bygdetun, eplefestivalen og Lindheim ølkompani i samarbeid med pårørande og frivillige.
Me har eit stort fokus på kvalitetsarbeid og fagutvikling. Fagdag i turnus.
Sauherad bygdeheim ligger sentralt på Gvarv i Midt-Telemark kommune. Det er ein institusjon med 16 langtidsplassers, 7 korttidsplasser med 3 KAD senger (kommunal akutt døgnenhet) som driftas av eit team på 13 sjukepleierar der flesteparten jobbar i full stilling.
Pasientane som kjem til KAD er i eit akutt sjukdomsforløp og treng tett medisinsk oppfølging. KAD har legevisitt kvar verkedag.
Me har eigen tilsynslege kvar måndag og torsdag.
Stillinga er ledig omgåande, oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Heilhetleg sjukepleie til pasientar med sammensatte behov på langtids- og korttidsavdeling, samt KAD.
- Bidreg med utgreiing, behandling og oppfølging av pasientane
- Tverrfagleg samarbeid med fagarbeider, lege, fysio- og ergoterapeut
- Dokumentasjonsoppgåver, legemiddelhåndtering og utføring av medisinske forordninger
- Mottak og oppfølging av øyeblikkelig hjelp pasientar (KAD)
- Bidreg med internundervisning og videreutvikling av tjenestane på bygdeheimen
- Rettleiing og opplæring av studentar og nyansatte
- Medansvar for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Krav til kompetanseSærskilde krav:
Personlege eigenskapar
- Fagleg bevisst og engasjert
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Fleksibel, løsningsorientert og positiv
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intevju.
Kontaktinformasjon
Ingjerd Helgen, Avdelingsleiar, +47 41376369Arbeidsstad
Skrivarvegen 23810 GVARV
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4847605861
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 01.09.2024
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 02.09.2024
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2721467
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2ff444b356764d8eb1fe4b1bb4640df9