Prosjektleiar
NAV Vestland Arbeid og Helse er eit fylkesdekkande ressurs- og kompetansesenter med utfyllande arbeidsretta kompetanse. Avdelinga består av NAV Arbeidslivssenter, Arbeidsrådgjevingskontoret (ARK), Senter for Jobbmestring og rådgjevande overlegar. Avdelinga leverer tenester til NAV-kontora i heile fylket i tillegg til å gi prosesstøtte og rådgjeving til verksemder med behov for bistand i det forebyggande arbeidsmiljøarbeidet. Medarbeidarane i avdelinga har brei og variert kompetanse og jobbar både sjølvstendig og i team. Tenestene som vert levert frå dei ulike fagmiljøa i avdelinga utgjer eit komplementært tilbod til dei øvrige tenestene i NAV. Vi legg stor vekt på eit nært og godt samarbeid med andre einingar i etaten, og særleg viktig er kontakten med rettleiarane ved NAV-kontora. I tillegg har vi utstrekt brukarkontakt ved fleire av tenestene. Vi arbeider etter prinsippa for kontinuerleg forbetring (Lean).
NAV Vestland er organisert i ni regionar og kompetansesenteret er geografisk fordelt til dei ulike regionane. Som prosjektleiar vil du ha arbeidsstad i Bergen, men må påregne noe reisevirksomhet til dei ulike regionane. Du vil bli ein del av avdelingsdirektøren si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde
- Rådgjevar for avdelingsdirektør og leiargruppa i utviklings- og endringsprosessar
- Delta aktivt i etableringa av den nye eininga Arbeid og Helse
- Vere prosjektleiar for utviklingsprosjektet i avdelinga. Sikre etablering og framdrift av prosjektet og tilhøyrande prosjektgruppe.
- Gjennomføre prosjektplan for utvikling av avdelinga Arbeid og Helse
- Halde styringsgruppa løpande oppdatert på status i prosjektet, rapportere ved slutten av kvar prosjektperiode og sikre at styringsgruppa kan ta nødvendige avgjerder
- Sørge for medverking gjennom involvering av medarbeidarar og leiarar, tillitsvalte og verneombod
- Sikre at alle interessentar, både interne og eksterne, er oppdaterte på status i prosjektet
- Sikre god involvering av ulike brukargrupper i utviklingsprosjektet
- Etablere samarbeidsavtaler og samarbeidsrutinar der det er aktuelt i prosjektet
- Systematisere kommunikasjonslinjer med samarbeidspartar i prosjektet
- Marknadsføre prosjektet
- Bistå med å planlegge, koordinere og gjennomføre forbetrings- utviklingsarbeid i eininga
- Være pådrivar for Lean og sikre at nye løysingar som vert utvikla er i samsvar med prinsippa for Lean
- Støtte innføring av nye arbeidsmetodar og arbeidsverktøy
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Aktuelle utdanningar kan til dømes vere helse- og sosialfagleg, samfunnsfagleg eller pedagogisk utdanning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- Kompetanse i systematisk og målretta prosjektarbeid
- Dokumentert erfaring frå å leie eller delta i utviklings- og endringsprosessar og/eller prosjekt
- God digital kompetanse
- Gode formidlingsevner, munnleg og skriftleg
- Kompetanse innan Lean
- Du må ha kunnskap og kjennskap om NAV som organisasjon
Vi ser etter deg som
- Arbeider målretta og strukturert
- Er ein lagspelar som medverkar til gode resultat
- Trivst med å formidle for små og store forsamlingar
- Er dyktig til å koordinere og har gode samarbeidsevner
- Er god på møteleiing, er fagleg trygg og har god evne til sjølvstendig arbeid
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn som seniorrådgivar i stilingskode 1364 med bruttolønn kr 667.700 – 745.000 pr. år (tilsvarande ltr. 68 - 74). For særs kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Thorleif Nesse, 406 06 621, thorleif.oivind.madsen.nesse@nav.noArbeidsstad
C. Sundts gateBergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4797132511
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 03.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling