Er du vår nye kollega i Sogn Sparebank?
Sogn Sparebank har behov for å styrkje to av kontora sine i Sogn og søkjer ein kunderådgjevar på privatmarknaden ved kontoret i Sogndal og ein ved kontoret i Aurland.
Arbeidsoppgåver
· Behovsretta og heilskapleg rådgjeving innan bank, forsikring, sparing og plassering.
· Aktivt bidra til kryssal bank/forsikring/eigedomsmekling
· Oppfølging og utvikling av eigen portefølje
· Aktivt skaffe nye kundar
Bakgrunn og erfaring
· Du har helst relevant utdanning innan økonomi, men erfaring og god realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse.
· Det er ein fordel om du har relevante autorisasjonar
Personlege eigenskapar
· Sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som er oppteken av å spele andre på laget gode.
· Salsorientert og offensiv, med eit ynskje om å prestere for å løfte banken sitt resultat
· Kundefokusert, og ser verdien av å skape dei beste kundeopplevingane
· God på å lytte og forstå kunden sine behov for å kome fram til den beste løysinga for kvar kunde
· Tek endringar på strak arm og er ivrig etter å tileigne deg ny kompetanse
Me tilbyr
· Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for eigen utvikling
· Gode moglegheiter til å påverke miljøet og eigen arbeidssituasjon
· God og strukturert opplæring
· Godt arbeidsmiljø og mange kollegaer med høg fagkompetanse
· Konkurransedyktige vilkår
· Ein av marknaden sin beste pensjons- og forsikringsordning
Om bedriften
Sogn Sparebank vart etablert 01. april 2019 som eit resultat av fusjonen mellom Vik Sparebank, Aurland Sparebank og Indre Sogn Sparebank. Banken er ein av 66 bankar som er tilslutta Eika Gruppen. Banken har ein desentral struktur utan hovudkontor, med kontor i Aurland, Bergen, Lærdal, Sogndal, Vik, Øvre Årdal og Årdalstangen. Sogn Sparebank tilbyr eit komplett produkt- og tenesteaspekter innan finansiering, forsikring, sparing og betalingsformidling, og tilbyr gode og heilskaplege løysingar til både bedrifter og privatpersonar.