Offentleg godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen -Vallastova
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen- Vallastova
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ved Ørstaheimen er det frå d.d. ledig 80 % stilling for off. godkjent helsefagarbeidar, ved avdeling Vallastova. Dette er ei somatiske langtidsavdeling med 24 bebuarar.
Vi søkjer etter inspirerte medarbeidarar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar
- Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tek initiativ og ansvar
- Relevant arbeidserfaring
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar og omsyn til kontinuitet i avdelinga kan verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkl. helgar.
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar, 95712120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4871780823
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2769980
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d6a32b4769754684a9cebaf43e53ef12