Ledig 100% fast stilling som lærar på Jelsa
Ledig fast stilling som lærar i 100% stilling ved Jelsa oppvekstsenter frå 01.08.24.
Om stillinga:
Jelsa oppvekstsenter avd.skule søkjer deg som er interessert i å arbeida ved ein fådelt skule med god fagkompetanse. Me har fokus på tverrfagleg arbeid, me samarbeider godt med barnehagen. Me ønskjer at du som søkjer skal arbeida hovudsakleg i 5.-7.klasse.
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø i Suldalsskulane, der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule.
- Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
- Du må vera fleksibel og positiv.
- Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
- Suldalsskulane nyttar læringsbrett i undervisning og utviklingsarbeid.
- Du må trivast saman med elevar og føresette.
- Søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.
Fagønskje:
- Engelsk, norsk, samfunnsfag, naturfag, kroppsøving og musikk
Personlege eigenskapar:
- Vera positiv og ha god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjonsevner
- Vera ein tydeleg og varm klasseleiar
- Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta
- Ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Jelsa oppvekstsenter består av avd. barnehage og avd. skule. Barnehagen har plass til ca.20 barn og skulen er ein 1.-7.skule.
Barnehage og skule held til i same bygningsmasse og ligg flott til med utsikt over Jelsabygda.
Visjonen vår er - me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre. Me har eit mål om at alle, barn, elevar, foreldre og tilsette, skal oppleva seg sett og inkludert ved oppvekstsenteret.