Ledig 50% avtaleheimel for fysioterapi Voss herad
Om arbeidsstaden
Voss herad har ledig 50% avtaleheimel for fysioterapi lokalisert på Hagahaugen. Hagahaugen ligg i rolige omgjevnader ca 2 km utanfor Voss sentrum. Driftstilskotet er lokalisert i samme bygg som dei kommunalt tilsette ergoterapeutane og fysioterapeutane. Ein del av driftstilskotet er knytt til gruppetrening i basseng. Ny heimelsinnehavar vil avtale leige av lokale og basseng direkte med Hagahaugen AS. Vederlag for opparbeidet praksis (goodwill) skal utbetalast til avtroppande fysioterapeut etter gjeldane regelverk i ASA 4313.
Arbeidsoppgåver
Drifte eit aktivt fysioterapitilbod til kommunen sine innbyggjarar
Gruppetrening i basseng
Lymfødembehandling
Ved behov, kunne utøve pasientbehandling i heimen til brukar
Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane, og anna helsepersonell i kommunen, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister
Kunne bidra til utviklinga, og bidra til å ivareta kommunen sitt behov for fysioterapitenester
Aktiv tilnærming til brukarane
Heilskapleg tenking i møte med brukarar
Rettleiing til eigenmeistring og fysisk aktivitet
Driva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta
Tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og resten av kommunehelsetenesta
Praksis skal drivas i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. og anna relevant
helselovgivning, og på dei vilkår som framgår av ASA 4313, slik den til ei kvar tid lyder.
Ønsket utdanning/erfaring
Krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut
Brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi.
Det eit ønske, men ikkje eit krav med erfaring frå bassengtrening og lymfødembehandling
Kan utføra dei arbeidsoppgåver som er nemnd, og jobba kontinuerleg med å auke sin faglege kompetanse gjennom å halde seg fagleg oppdatert.
Personlege eigenskapar:
Brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
Har evne til å arbeide sjølvstendig, og i team
Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
God i samarbeid og kommunikasjon
Gode norskkunnskapar og god samfunnskunnskap/-forståing
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt med stor tyding ved tildeling av avtaleheimel.
Godkjend politiattest må framleggjas før tiltreding i stillinga.
Avgjerslene i ASA 4313 er til ein kvar tid gjeldande.
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.