Ferievikarar - helse og omsorg
Stad kommune søkjer etter fleire ferievikarar for sommaren 2024!
Stillingane er både på Nordfjordeid, Selje og Stadlandet og omfattar arbeid både på sjukeheim, institusjonskjøken, dagsenter og i omsorgsbustader, heimetenester, tenester til personar med fysisk og psykisk nedsett funksjonsevne. I søknaden må du informere om i kva geografisk område og i kva eining du helst ønskjer å arbeide. Du må også informere om du kan arbeide heile perioden eller ikkje, og om du kan arbeide helgar utanom ferien.
Vi søkjer etter personar med utdanning innan helse- og sosialfaglege studieretningar som sjukepleie, vernepleie, medisin, barnevernspedagogikk, sosionom, fysioterapi, ergoterapi eller andre relevante fag. Spesifiser tydeleg i søknaden kva fagretning du studerer og kor langt du er kome. Både studentar med relevant utdanning og elevar på vidaregåande skule som ønskjer erfaring innan helse og omsorg kan søkje. Du er også velkomen til å søkje om du studerer andre fag.
Arbeidsoppgåver
- Ferievikarane skal utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse
- Du inngår i turnus og arbeider saman med fast tilsette
Kvalifikasjonar
- Du bør helst vere over 18 år, men motiverte 16- og 17-åringar vil bli vurderte
- Du er gjerne under utdanning i relevante fag eller planlegg å studere relevante fag for arbeid i helse og omsorg
- For arbeid i heimetenesta må du som hovudregel ha sertifikat og kunne disponere bil
- Du må levere politiattest før start i stillinga
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ferievikarar som er nøyaktige, motiverte og som viser respekt
- Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
- Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
- Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og tek initiativ
- Du forstår betydninga av teieplikt om helseopplysningar og anna sensitiv informasjon
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein kjekk sommarjobb som vil gje deg kunnskap og erfaring om helse og omsorg
- Løn etter tariff og lokale avtaler
- Dersom du er under høgare utdanning innan relevant fagområde får du høgare løn. Du må dokumentere utdanning og kor langt du er kome i utdanninga.
Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med leiarar i dei ulike einingane.
Kontaktinformasjon
Ingrid Hjelmeland, assisterande einingsleiar heimetenesta, 975 30 265, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.noKarl Alsaker, einingsleiar bu- og miljøtenesta, 915 61 383, karl.alsaker@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet og Seljetunet, 480 45 210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4777108090
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 07.04.2024
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!