Landbruksrådgjevar
Org. nr: - Stillingsident: 4235769024 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 100% stilling som landbruksrådgjevar frå 1. august 2020.
Gloppen kommune har eit godt fungerande landbrukskontor med tilsette som har høg og brei fagleg kompetanse. Vi er frå 1.januar i år vertskommune for felles landbrukskontor Gloppen og Stad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er variert og mangfaldige, innanfor forvaltning, rettleiing og utvikling knytt til jord- og skogbruk og utmark.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå.
- Kompetanse på IKT medrekna GIS-kompetanse.
- Erfaring frå kommunal landbruksforvaltning og/eller landbruksorganisasjon.
- Den tilsette må ha førarkort for bil og du må pårekne litt reiseaktivitet i arbeidstida.
Personlege eigenskapar
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, samarbeide godt, dele kunnskap og støtte andre for å nå mål.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig, og opp mot kommunen sine innbyggjarar.
- Du er løysingsorientert, metodisk og systematisk, planlegg og gjer klare prioriteringar.
- Vidare må du kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på nynorsk.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande arbeidskvardag med rom for å utvikle landbruket i regionen og deg sjølv.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Kontaktinformasjon
Trine Alme, Landbrukssjef, 979 91 048
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenr.:4235769024
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 04.06.2020
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 -- 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.