Fritidskoordinator
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Fritidskoordinator
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Engasjement, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Engasjement vil vere aktuelt frå 50% og opp til 80% i perioden 01.08.24 – 31.12.24, etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge aktivitet og tilbod i kommunen
- Koordinere arbeidet med samskaping internt opp mot tilskotsordningar
- Samhandle med frivillige lag og organisasjonar
- Delta i utviklingsprosessar m.a. utarbeiding av kommunal frivilligpolitikk
Kvalifikasjonar
- 3-årig utdanning på høgskulenivå, gjerne innanfor kultur- eller sosialfag
- Erfaring frå arbeidsfeltet kan erstatte formell utdanning
- Utdanning innan, eller erfaring med ungdomsarbeid og/eller frivillige organisasjonar er ein fordel
- Erfaring med kartleggingsarbeid, søknadsskriving og saksbehandling er ein fordel
- God skriftleg framstillingsevne både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket er nynorsk
- Digital kompetanse, forstå digitale samhandlingsverktøy
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
- Gode samarbeids- og gjennomføringsevner
- Gode kommunikasjonsevner med evne til å skape gode relasjonar og engasjement
- Løysingsorientert, effektiv og initiativrik
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Vi tilbyr
Variert og spennande arbeid i eit positivt miljøTilsetting etter gjeldande lover, tariffavtaler og reglement
Løn etter tariff
Gode pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Ingrid Heieren Sølvberg , Avdelingsleiar kultur , +47 95826237Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 4818255298
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 26.06.2024
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2677217
- Sist endret
27. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e554444dc60948858242b6a28008d409