Dagleg leiar i Undheim sokn
Dagleg leiar i Undheim sokn
40-50 % fast stilling
Då noverande dagleg leiar går over i ny stilling internt blir stillinga som dagleg leiar i Undheim ledig frå 01.04.2024. Vi søker etter ein strukturert, nytenkande og engasjert person som saman med stab og sokneråd kan vere med å gjere kyrkja til eit naturleg samlingspunkt for Undheimsbygda. Du som søker må trivast med mange ballar i lufta og kunne handtere både administrativt arbeid og arbeid med menneske. Du må vere ein tydeleg leiar som evner å engasjere dei tilsette og frivillige i kyrkjelyden. Som dagleg leiar vil du få arbeide i ein kyrkjelyd som brenn for bygda si og kyrkja på Undheim. Visjonen til Undheim kyrkje er «Ein stad å møta nye venner, søkja Gud og få del i oppdraget».
Arbeids- og ansvarsområde
1. Legga til rette for soknerådet sitt arbeid ved å:
- organisera og marknadsføre den daglege aktiviteten i Undheim kyrkjelyd.
- fylgja opp plan- og kyrkjelydsarbeid
- rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
- dagleg ansvar for kyrkjelyden sin økonomi
- førebu saker for soknerådet, vera sekretær under møta og fylgja opp vedtak
2. Leia personalet og dei frivillige medarbeidarane ut frå soknerådet sine mål, retningslinjer gitt av kyrkjeverje/fellesråd og gjeldande lover og reglar.
Vi ønsker at du som søker
- har eit ønskje om at flest mogleg skal bli kjent med Jesus
- har utdanning innan personalleiing og/eller økonomiske- eller administrative fag
- gode leiar-, samarbeids-, og kommunikasjonsevner
- kjennskap til kyrkjeleg administrasjon eller anna offentleg forvaltning
- gode it-kunnskaper
- erfaring kan kompensera for utdanning
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- ein spanande jobb i eit positivt og særs triveleg stabsfellesskap
- lønn etter avtale og i samsvar med KA sin hovudtariffavtale
- pensjonsordning i KLP
Søker må vera medlem i Den norske kyrkja.
For meir informasjon, ta kontakt med kyrkjeverje Jostein Aarbakke Tollaksen tlf 909 88 880 eller soknerådsleiar Hanne Brit Sandsmark tlf 996 26 157.
Søknadsfrist 07.04.2024
Ønska oppstart: Snarast mulig.
Kontaktinformasjon
Jostein Tollaksen, Kyrkjeverje , 909 88 880Hanne Brit Sandsmark, Soknerådsleiar, 996 26 157
Arbeidssted
Erlandsbakken 64340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Time kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4780992445
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2024