Sosionom
Avdeling psykisk helsevern, Valen sjukehus
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom
Oppstart
6. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Vi har no eit vikariat ledig på Valen sjukehus i avdeling for psykisk helsevern.
I denne stillinga vil du vere ein del av eit behandlingsteam med psykologar, legar, sosionomar, sjukepleiarar og miljøterapeutar. Stillinga er tilknytta Sikkerhetspost og Fact-sikkerhet.
Avdeling psykisk helsevern Valen sjukehus er eit sjukehus i ei spennande utvikling. Avdelinga består av fire døgnpostar og ein poliklinikk. akuttpost, psykosepost, sikkerhetspost, sikker/rehabilitering og Fact-sikkerhet.
Søk hjå oss og bli ein del av laget!
Arbeidsoppgåver
- Bistå inn i eit tverrfagleg samansett behandlingsteam der særleg sosialfaglege oppgåver skal ivaretast av sosionom
- Vere ein del av det tverrfaglege behandlingsteamet på posten og i Fact-sikkerhet
- Kartlegging av pasienten sine sosiale og økonomiske høve med rådgjeving og iverksetting av aktuelle hjelpetiltak
- Vegleie og orientere pasientar og pårørande
- Delta i utarbeiding av behandlingsplanar og særleg fylgje opp der pasienten har rett til individuell plan
- Oppgåver knytt til koordinering av tenester mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenester
- Dokumentasjon av sosialt arbeid som vert utført i samsvar med gjeldande lovverk
Kvalifikasjonar
- Sosionom utdanning eller anna relevant sosialfagleg utdanning
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern
- Gode evner i bruk av IKT-verktøy
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har evne til å arbeide sjølvstendig
- held framdrift i prosessar
- er positiv, engasjert og initiativrik
- opptrer ryddig og strukturert
- er fleksibel
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elisabet Anuglen Kalsås, Funksjonsleiar, +47 53466408Arbeidsstad
Sjukehusvegen 155451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4868327544
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 06.01.2025
Sluttdato: 30.11.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Anuglen Kalsås
Funksjonsleiar
+47 53466408
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2759680
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e6fc22ce9874565b4b4bfb070f62ba9