Lærling i hestefaget
Org. nr: 974571110 Stillingsident: 4218191074 Presentasjon av stillingen:
Mo og Øyrane vidaregåande skule ligg sentralt plassert i Sunnfjord kommune. Skulen er geografisk todelt. Ein skulestad for naturbrukutdanning på Mo og ein skulestad for yrkesfag på Øyrane. Skulen har om lag 185 tilsette og 480 elevar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, service og samferdsle, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknikk og industriell produksjon og naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar for sosiale og medisinske institusjonar bl.a. knytt til Helse Førde.
Arbeidsoppgåver
Frå 01.08.20 har vi ledig 100% lærling i hestefaget.
Kvalifikasjonar
-
Det er et krav for tilsetjing at søkjarane har gjennomført og bestått Vg2 Hest- og hovslagarfag.
-
Søkjarane må ha tilfredstillande politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person med gode samarbeidseigenskaper, som er pliktoppfyllande, nøyaktig og som er motivert for å lære meir om hestefaget.
Vi tilbyr
Læretida er 2 år og skal avsluttast den 31.07.22. Læreplassen er lagt til den del av skulen som ligg på Mo.
-
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
-
6 mnd. prøvetid, jfr. tilsetjingsreglement i fylkeskommunen §8, pkt. 8.2.
Nærare opplysningar om læreplassen kan ein få ved å kontakte faglærar i hestefaget, Harald Løtuft, på tlf. 99 22 51 51.
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk.
Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Ole-Johan Norddal, avdelingsleiar, 95244041
Arbeidsstad
Movegen 30
6819 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4218191074
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.04.2020