Prosjektstilling overvatn og reinseanlegg
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Vindafjord kommune lyser ut ein 100 % prosjektstilling med varigheit i inntil tre år som i hovudsak skal arbeida med kartlegging, planlegging og oppfølging av mindre overvassprosjekt. I tillegg er det ønskeleg at den som blir tilsett kan ta ansvar for planlegging av tiltak på reinseanlegg etter nytt avløpsdirektiv.
Hovudarbeidsoppgåver:- Kartlegging av overvatn, kamerakøyring, plan for å separere overvatn/kloakk
- Planlegge og følgje opp mindre prosjekt
- Lage kalkylar og være med på anbodskonkurransar
- Dokumentere utført arbeid og måle inn nye anlegg med GPS
- Samhandling med konsulentar
- Reinseanlegg, gjere seg kjent med nytt avløpsdirektiv
- Kartlegging og vidare planlegging for reinseanlegg
- Prosjektoppfølging av andre mindre prosjekt kan vera aktuelt i periodar
- Helst Teknisk fagskule eller relevant ingeniørutdanning
- Relevant fagbrev/praktisk erfaring frå VA/veg prosjekt er ønskjeleg
- Kunne bruke digitale verktøy og våre kommunale IT-system
- Du må meistre godt norsk munnleg og skriftleg
- Du må ha førarkort for personbil
Personlege eigenskapar:
- God samarbeidsevne.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Serviceinnstilt og løysingsorientert
- Fleksibel
- Du tar initiativ og held deg fagleg oppdatert
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Stillinga vil høyra til eining for kommunaltekniske tenester, avdeling for vatn, avløp, veg. Stillinga vil vere sjølvstendig og det må påreknast ein del feltarbeid. Arbeidsoppgåvene kan til ein viss grad tilpassast kvalifikasjonane. Oppmøtestad/kontorstad vil vera i Sandeid.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2795251
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3429507_229877_nn