Helsefagarbeidar- fast stilling i heimetenesta
Vi søker ein helsefagarbeidar til heimetenesta. Stillinga er ledig frå 10.06.24. Arbeid er kvar 6. helg med 14 timars vakter. Om ein ynskjer, kan ein heller gå 3. kvar helg med 8 timers vakter.
Arbeidsoppgåver
- Stell, pleie og rettleiing
- Pasientoppfølging
- Medikamentadministrasjon
- Kartlegging og oppfølging
- Journalføring
- Kontakt med pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som hjelpepleiar/ helsefagarbeidar
- God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
- Grunnleggande datakunnskapar for å ta i bruk journalsystem og andre dataprogram som er i bruk
- Gode norskkunnskapar - muntleg og skriftleg
- Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil i heimetenesta
- Gyldig politiattest må leverast
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
- Vere fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å skape framdrift åleine, men òg i lag med andre
- Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- Stor arbeidskapasitet
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Arbeid i eit nytt og flott helsetun
Kontaktinformasjon
Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703Arbeidsstad
Tunvegen 142966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 4796505527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2024
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.