Lærar
Luster kommune Luster oppvekstsenter
Lustravegen 3300A, 6872 Luster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Luster oppvekstsenter ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområder nær oss, eit godt fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar og høve til utvikling.
Fokusområder hjå oss er inkluderande leikemiljø, elevmedverknad, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv.
Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, halvparten på skulen.
Vår skule har elevar i 1.-7.trinn, og dei er fordelt på tre klassar. Dette skuleåret har me 44 elevar.
Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.Stillingsinformasjon:- Inntil 100% vikariat. Fagønskje: norsk, matte, KRØ, samfunnsfag, naturfag
- Inntil 30% vikariat. Fagønskje: norsk, spes.ped, matte, samfunnsfag, KHV
- Utdanning som lærar for trinn 1-7
- Praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande pedagogikkutdanning
- Annan relevant kompetanse kan bli vurdert
- Me legg vekt på personlege eigenskapar
- auge for det einskilde barn
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- har god fagleg kompetanse saman med barn både ute og inne
- gode samarbeidsevner
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
- kjenner seg heime i visjonen vår
- ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
- evne til å lære noko nytt og utvikle ny gjerekompetanse innanfor arbeidsfeltet
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Dei tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9
- Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju
- Ta kontakt for meir utfyllande informasjon
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2792590
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3425961_219721_nn