Tre vikariat i 100% stilling som lærarar i Lærdal kommune
Lærdal kommune Lærdalsøyri skule
Skulevegen 11, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærarar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri. Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt – sidan du les desse. Har du lyst til å vere lærar i Lærdal kommune, då kan desse stillingane vere aktuelle for deg og du har all grunn til å lesa vidare.Denne utlysinga gjeld i utgangspunktet tre årsvikariat for skuleåret 2025-2026, det vil seia 1. august 2025 - 31. juli 2026. For eitt av dei tre vikariata vil tiltreding kunne skje så snart som mogleg.Utdanning/kvalifikasjonar for alle stillingane
Link til søknadsskjema: Søk her
- Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7.trinn eller 5.-10.trinn
- Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding.
- Gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt
- Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner
- Du er oppteken av fag, og har fokus på elevane sitt læringsutbyte i tillegg til at du tek omsyn til elevane sin livssituasjon
- Du har god kjennskap til vurdering for læring
- Du trivst med å jobba tett på elevar og grupper
- Du vert opplevd som ein trygg og tydelag vaksenperson i møte med elevane våre
- Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo
- Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet
- Undervisning i klassar
- Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
- Samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidsaktørar
- Vera bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vere tilsett i Lærdal kommune. Som ansatt i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge skulane i kommune.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkjaLink til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2856898
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3463297_228189_nn