Vertskaps- og programansvarleg Vinjesenteret
Nynorsk kultursentrum
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Vertskaps- og programansvarleg Vinjesenteret
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. januar
Send søknad til
Vår dyktige vertskaps- og programansvarlege skal ut i permisjon, og vi har difor ledig vikariat frå 3. mars 2025 til 27. februar 2026.
Vi ser etter deg som set gjestene våre i sentrum og gir dei gode opplevingar dei gjerne vil oppleve igjen. Du er strukturert og rutinert, van med digitale reiskapar og har forståing for grunnleggjande økonomisk og administrativt arbeid i verksemder. Interesse for norsk journalistikk, litteratur og musikk kjem godt med.
Arbeidsoppgåver:
-
drift av resepsjon og butikk ved senteret
-
tilsetjing, opplæring og oppfølging av museumsvertar
-
planlegging, avtalar, økonomi og logistikk ved arrangement i høve Litteraturdagane i Vinje og andre arrangement
-
ansvar for organisering av omvisingar og liknande
-
å delta i omvisingar og pedagogiske opplegg
-
å halde publikumsareal og lager i orden
Vertskaps- og programansvarleg samarbeider i det daglege med arenaleiar og utstillingsansvarleg om utvikling, planlegging og gjennomføring av formidling til ulike målgrupper.
Aktuell utdanning og erfaring kan vere frå kultur, administrasjon, sal eller marknadsføring.
Vinjesenteret i Vinje i Telemark opna hausten 2021 og er eit museum for litteratur og journalistikk med utgangspunkt i Vinjeforfattarane Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. Vinjesenteret driv også formidling i Vinjestoga, i tillegg til arrangement i og utanfor senteret. Me arrangerer også festivalen Litteraturdagane på hausten. Nynorsk kultursentrum har fem faste tilsette i Vinje og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur og eit engasjert kollegium.
Ein må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke. Som tilsett får du medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring. Løn etter avtale.
Send søknad med cv og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 6. januar 2025 til stilling@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.
Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Du kan søkje om å bli unnateke denne søkjarlista ved å grunngje dette i søknaden din.
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med arenaleiar Yngve Knausgård, 95 02 72 51.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt. Stiftinga formidlar kunnskap og kultur til heile landet gjennom turnear, arrangement og digitalt. Nynorsk kultursentrum driv musea Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2809161
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b40cc7ef-8368-4213-86ce-bc02ee9d190d