Årsvikariat undervisningstilling skuleåret 2023-2024
Valle skule, Valle kommune
Valle skule, 4747 Valle
Om jobben
Stillingstittel
Årsvikariat undervisningstilling skuleåret 2023-2024
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Vikariat
Antall stillinger
1
No treng vi deg på laget, du som er glad i å undervise og trivst med barn og ungdommar i grunnskulealder! Valle kommune er ein god plass å bu og arbeide i, og Valle skule er veldriven og prega av ein sterk samarbeids- og utviklingskultur. Som nytilsett hos oss vil du få god opplæring og rettleiing. Vi gler oss til å møte deg!
Valle kommune har eit skulesenter, der Valle skule (1-10 trinn), vaksenopplæring og kultursenteret ligg vegg- i vegg. For skuleåret 23-24 er det ledig 100 % årvikariat med hovudfokus på faga engelsk 60stp, tysk og spesialundervisning. Vikariatet kan om ønskjeleg eller ved behov bli delt. Undervsininga vil hovudsakleg vere på ungdomstrinnet.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på 8 -10 trinn, men kan ved behov og vere i 5. - 7. trinn
- Klasseleiing
- Skule- heimsamarbeid
- Teamsamarbeid
- Aktiv rolle og deltaking i profesjonsfellesskapet
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som har fagkompetanse som ønska, godkjent og relevant utdanning.
- Tydeleg og varm klasseleiar, med engasjement for faget
- Fagområde: engelsk, tysk, spes. ped.
Personlege eigenskapar
Den vi leiter etter er:
- Engasjert og ambisiøs
- Ein klar og tydeleg vaksen som oppnår god relasjon til elevane
- Oppdatert på digitale undervisningsflater
- Erfaren lærar i sitt fag
- Har gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- Samarbeider bra og bidrar til utvikling
Vi tilbyr
Valle kommune kan tilby:
- Løn ihht regulativ
- Bistand til å skaffe bustad
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert kultur og fritidstilbod for alle aldrar
- Ein triveleg kommune å bu i
Valle skule har
- eit godt elevmiljø
- eit godt skule-heim samarbeid
- ein framoverlent skule med god digital kompetanse
- ein klar og tydeleg organisasjonsstruktur
- eit stort fokus på tverrfagleg samarbeid
Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Marit Jaabæk Brokke, rektor, +47 99169862Arbeidssted
Valle skule4747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Valle kommuneReferansenr.: 4667452325
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2023
Sluttdato: 31.07.2024
Søknadsfrist: 06.06.2023
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.valle.kommune.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2346469
- Sist endret
7. juni 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fb2c09759f9c4b9bb5cb4d318ff568c8