Helsesekretær/ sekretær
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/ sekretær
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Vi har no ledig eit årsvikariat som helsesekretær/ sekretær. Tilsetting etter avtale med seksjonsleiar.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund, og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining i Ålesund og ei familieeining i Molde. BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi har også etablert eige nevroteam med eigen ADHD- sykepleiar.
Dersom du synest det høyrast spennande ut å vere ein del av teamet vårt, ønskjer vi å kome i kontakt med deg!
Arbeidsoppgåver
- Telefonbetening
- Mottak av pasientar og føresette
- Dokumentasjon i journalsystem, brevskriving, posthandtering
- Skåring og skanning av testar
- Deltaking i organisering av pasient- og pårørandeopplæring
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær/ sekretær med erfaring frå arbeid i helserelatert funksjon
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Må ha gode datakunnskapar
- Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du er serviceinnstilt
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å strukturerer eiga arbeidskvardag
- Du arbeider systematisk og målretta
Å være personleg eigna vil være vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Kontaktinformasjon
Kristin Silseth, Seksjonsleiar, +47 41635875, kristin.silseth@helse-mr.no
Arbeidssted
Nøisomhedvegen 12
6416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4910591736
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2862955
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1ff53836c97d4630a595a1aaa1399876