70 % fast stilling som rekneskapskonsulent
Org. nr: 964 980 721 Stillingsident: 4234183876 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer ein dyktig rekneskapsmedarbeider i 70 % stilling ved økonomiavdelinga vår frå ca 01.09.2020. Det kan vere aktuelt å utvide stillinga ved vakansar eller som vikar ved fråvær. Økonomiavdelinga består i dag av fire personar. Ansvarsområdet er bl.a. kommunen sitt budsjett, rekneskap, innfordring, økonomistyring, finansforvaltning og offentlege anskaffingar. Vi har ein travel, men triveleg arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Avdelinga er organisert i stab.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til fakturaflyt, scanning og tolking av alle innegåande fakturaer samt kontakt med leverandørar
- Innfordring av kommunale krav
- Administrere og vedlikehalde kommunen sine utlån
- Inn- og utbetalingar via bank
- Brukerstøtte for kommunen sine økonomisystem, inklusiv oppgåver knytt til e-handel
- Informasjon og rettleiing i organisasjonen knytt til rekneskap, mva og kostra
- Avstemming, kontroll og støtteoppgåver knytt til Giske kommune sin rekneskap
- Føring av rekneskap for Giske kyrkjelege fellesråd
- Årsoppgjer og oppgåver knytt til dette
- Andre oppgåver innafor kommunen sin økonomiforvaltning vil og vere aktuelt
Kvalifikasjonar
- 3 årig høgare utdanning innan rekneskap eller økonomi
- God rekneskapsforståelse
- Erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne frå kommunal sektor
- God kunnskap i bruk av IKT og god systemforståelse
Personlege eigenskapar
- Analytisk, nøyaktig, strukturert og sjølvstendig
- Nytenkande, løysingsorientert og tek ansvar
- Fleksibel, stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
- God på kommunikasjon
- Fleksibel i forhold til nye arbeidsoppgåver
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Thu, Økonomisjef, 41702304
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:4234183876
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2020
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.