Service Ingeniør Power
Ulstein Power & Control AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Service Engineer Power
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Likar du å arbeide med avanserte tekniske løysningar for framtidas grøne fartøy?
Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjon- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.
I stillinga som Service Engineer Power-Systems, vert du ein del av eit kunnskapsrikt, innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Service-teamet har ein sentral funksjon i selskapet og leverer tenester til nybygg, Retrofit og Service. Du vil få ein spennande og innhaldsrik arbeidskvardag, i tett samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer i prosjekt og engineeringsområda.
Vi ser etter kandidatar som ønsker å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og som kan utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere».
Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande!
Ulstein Power & Control har hovudkontoret sitt i Ulsteinvik.
Arbeidsoppgåver
- Service arbeid og fjernstøtte av Powersystem rundt i verda
- Deltaking i utarbeiding av teknisk underlag, testing og verifikasjon av nye løysingar
- Oppstart av system på nybygg og Retrofit
- On Site prosjektoppfylging i Noreg og utlandet
- Servicearbeid på installerte system
- Stillinga inneber reiseaktivitet
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer personar med fagbrev som elektrikar eller skipselektrikar
- Ynskjeleg med teknisk fagskule eller ingeniør innan fagområdet el-kraft og/eller automasjon.
- Erfaring frå installasjon, oppstart av nye anlegg og service på skipssystem eller liknande er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Løysingsorientert
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig i ein hektisk kvardag
- Vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar
Vi tilbyr
- Sterkt fagleg miljø og høve til personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig løn
- Egen reiseavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksitidsavtale
Kontaktinformasjon
Per Einar Moldskred, Service Manager, 977 92 121Katrine Sundal, HR Manager, +47 480 17 937
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Power & Control ASReferansenr.: 4875924256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2773394
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d1cd8720686e48f491ef39af0bd6da49