Lærling Barne- og ungdomsarbeidar 19/15
Er du på jakt etter lærlingeplass i 2019?
Vi trenger nye lærlingar og søker lærlingar innanfor Barne- og ungdomsarbeiderfaget.
For at du skal trivast fagleg og sosialt vil vi leggje til rette for at du får en fast kontaktperson og flinke lærlingeinstruktørar. Vi har lærlingtreff og lærlingskule.
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar.
Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.