Fagdirektør
Helse Fonna søkjer ein initiativrik fagdirektør med stor fagleg kapasitet og evne til å skape tillit og samhandling både intern og eksternt. Du har medisinsk utdanning, minimum cand. med. og erfaring frå spesialisthelsetenesta. Du skal medverke til at Helse Fonna når strategiske mål ved å vere offensiv, samarbeidsorientert og leveransedyktig i arbeidet med vidareutvikling av kvalitet og pasientsikkerhet og forsking og innovasjon. Som leiar er du samarbeidsorientert, tenker heilskap og er ein god relasjonsbyggar i gjennomføring av prosessar.
Fagdirektør er rådgivar for administrerande direktør i medisinsk-faglege og strategiske spørsmål og har slik ei sentral stilling i helseføretaket si toppleiargruppe. Fagdirektør rapporterer til administrerande direktør.
Fagdirektør vil leie ein stab som har om lag 35 dyktige medarbeidarar med høg kompetanse. Ansvarsområdet omfattar fem tverrgåande funksjonar: kvalitet og pasientsikkerhet, fag og forsking, helsedata, smittevern og samhandling. Fagdirektør inngår i regionalt nettverk for fagdirektørar.
Olav Godtfred Klausen, Administrerende direktør, olav.godtfred.klausen@helse-fonna.no
5522 Haugesund
Referansenr.:4553094602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2022
Fagdirektør er rådgivar for administrerande direktør i medisinsk-faglege og strategiske spørsmål og har slik ei sentral stilling i helseføretaket si toppleiargruppe. Fagdirektør rapporterer til administrerande direktør.
Fagdirektør vil leie ein stab som har om lag 35 dyktige medarbeidarar med høg kompetanse. Ansvarsområdet omfattar fem tverrgåande funksjonar: kvalitet og pasientsikkerhet, fag og forsking, helsedata, smittevern og samhandling. Fagdirektør inngår i regionalt nettverk for fagdirektørar.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at Helse Fonna utviklar og når sine strategiske mål på kort og lang sikt
- Bidra til god fagleg kvalitet på tenestetilbodet gjennom systematisk arbeid med fagutvikling, kvalitet og pasienttryggleik, forsking og innovasjon
- Kvalitetssikre handsaming av fagrelaterte saker
- Vidareutvikle arenaer for god samhandling med kommunehelsetenesta
- Leie og vidareutvikle området Fag og forsking i føretaket og vere ein aktiv bidragsytar i toppleiargruppa
- Leie og delta i sentrale fora i Helse Fonna samt kunne representere føretaket eksternt
- Vidareutvikle og styrke samarbeidet med universitet og høgskulesektoren
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen, relevant spesialisering er ønskjeleg
- Solid erfaring frå spesialisthelsetenesta
- God verksemdsforståing og leiarerfaring frå større komplekse organisasjonar
- God forståing for teknologi og digitaliseringsprosessar
- Erfaring frå saksførebuing, analysearbeid og rapportering
- God skriftleg og munnleg framstilling på begge målføra
- Erfaring frå strategiske prosessar
- Forskingskompetanse/PhD er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Strategisk forståing og evne til å omsetje strategiske mål til konkrete tiltak
- Analytisk, strukturert og evne til å tenke heilskap
- Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar
- God forståing for prosessarbeid
- Evne til å skape tillit og samhandling både internt og eksternt
- Handlekraftig og leveransedyktig
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i eit aktiv og utviklande fagmiljø
- Gode høve for fagleg utvikling
- Engasjerte kollega og eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige løns- og personalvilkår
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Helga Stautland Onarheim, HR-direktør, helga.stautland.onarheim@helse-fonna.noOlav Godtfred Klausen, Administrerende direktør, olav.godtfred.klausen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundsgata 1295522 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4553094602
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.