Undervisningsstilling Elektrofag - fast
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Saghaugen 3, 5411 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling Elektrofag - fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal frå hausten 2025 starte opp alle yrkesfaga på den nye skulen som vert bygd på Vabakkjen. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Skulen har ledig ei 100 % fast stilling innan fagområde Elektro. Det er ynskjeleg at ein kan undervisa i elektrofag eventuelt i automasjonsfag. Me søkjer deg som har interesse for faget, og kan vera ein tydeleg klasseleiar og god rollemodell for ungdom.Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeida med andre på skulen
- Kontakt og samarbeid med næringsliv i regionen
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som har bakgrunn frå elektrobransjen, gjerne erfaring med opplæring av andre
- Fagbrev/sveinebrev i aktuelle fag, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning
- Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. Det er ynskjeleg at du har teknisk fagskule eller liknande.
- Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest.
- Alle nytilsette i Vestland fylkeskommune får ei prøvetid på 6 månader
Det er ynskjeleg at du har:
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- Likar å omgåast ungdom
- Er systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Per Inge Stensletten, avdelingsleiar, 99453450Arbeidsstad
Saghaugen 35411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4884975760
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Per Inge Stensletten
avdelingsleiar
99453450
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2790611
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb227ecd953d458887c2f1bb3d59a993