SFO-leiar - ID 1117
Søknadsfrist: 30.05.2021 Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:
SFO-leiar, ID 1117 , opptil 100% stilling, vikariat, tilsetjing frå 01.08.21 -- 31.07.22
Kviteseid kommune har fylgjande einingar for skule:
Brunkeberg oppvekstsenter 1.-4. årstrinn, fådelt skule
Kviteseid skule 1.-10. årstrinn
SFO ved Kviteseid skule har opent frå kl 07.30-8.10 og 14.50-16.45 måndag, tysdag, torsdag og fredag. Opningstida onsdagar er frå kl 07.30-16.45. Denne dagen er SFO-tilbodet felles for elevar frå både Kviteseid skule og Brunkeberg oppvekstsenter.
SFO er stengt i skulen sin jole- og påskeferie, samt heile juli månad.
SFO-leiar har det daglege ansvaret for elevane og tilsette i ordninga, og samarbeidar med avdelingsleiar for barneskulen. Rektor har overordna personal- og økonomiansvar.
Vi ser etter ein person som kan utvikle innhaldet i SFO i tråd med nye føringar som rammeplanen gjev. Du må kunne sjå nye moglegheiter for aktivitetar, samarbeid med lokale aktørar og skape ein god kvardag for barna
Arbeidsoppgåver:
SFO-leiarstillinga er ei 70% stilling. Den inneheld både leiing, administrasjon og vakter på SFO. Det er mogleg å kombinere stillinga med arbeid i skulen i opptil 30%.
- Administrere skule-fritidsordninga
- Planlegge og organisere aktivitetar og innkjøp
- Bemanningsplanar og vikararbeid
- Utviklingsarbeid -- fokus på ny rammeplan
- Personalleiing
- Samarbeid med føresette
- Delta i det daglige arbeidet ved SFO
- Samarbeid med skuleleiinga
- Ivareta eit godt samarbeid mellom skule og SFO
Kvalifikasjonar:
- Ser skule og SFO som ein heilskap, og som ein del av elevane sitt læringsmiljø
- Gode ferdigheitar innan IKT
- Erfaring frå arbeid med barn er ynskjeleg
- Utdanna fagarbeider (barne- og ungdomsarbeider) eller pedagogisk utdanning.
Personlege eigenskapar:
- Personleg skikka
- Verdisyn i arbeid med barn
- Initiativrik, ser løysingar, tar ansvar og er god til å samarbeide
- Leiarerfaring er ein fordel
- Kan arbeide sjølvstending og strukturert
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju .
Kviteseid kommune er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.