ID 2177 Sjukepleiar - Heimebaserte tenester
Heimebaserte tenester er ein aktiv og spennande arbeidsplass som har eit tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Me er i stadig utvikling og startar blant anna opp med sjukepleiarteam, årsturnus og langvakter.
Det er ledig fast 100% stilling som autorisert sjukepleiar ved avdeling Vest.
Arbeidstida er på dag og kveld i årsturnus, på kveldsvakter er du ein del av sjukepleiarteamet. Du kan komme med innspel og ønsker for din arbeidstid i 2025 ved innvolveringsskjema som blir tilgjengeleg for alle før sommaren. Me ser fram til å få deg med på laget.
Arbeids- og ansvarsområde:
Du yt pleie og omsorg etter vedtak og ivaretek det sjukepleiefaglege ansvaret for heimebuande. Du likar å halde deg fagleg oppdatert og kan rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar. Du er trygg på ditt kompetanseområde, nysgjerrig på nye oppgåver og har ein positiv innstilling.
Kvalifikasjonskrav:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna sommaren 2024 kan også søkja
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må framleggas ved oppstart.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me kan tilby:
- Sjukepleiarar i Heimebaserte tenester vert lønsplasserert inn, kr 25.000 over hovudtariffavtalens gjeldande garantilønssatsar
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Gina Kittilsen tlf: 975 52 169
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.