Assistent i skule og SFO
Org. nr: - Stillingsident: 4082956515 Presentasjon av stillingen:
Ulstein kommune har desse grunnskulane: Ulstein ungdomsskule, barneskulane Haddal, Hasund, Ulstein og Ulsteinvik.
Frå 01.08.2019 har vi ledige assistentstillingar, både faste stillingar og vikariat ved Hasund skule, Ulsteinvik barneskule, Ulstein skule og Ulstein ungdomsskule.
Ved barneskulane er det ønskeleg med utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, ved ungdomsskulen assistent med helsefagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
Arbeid som assistent i skule, SFO eller begge deler. Søkarar må opplyse om ein ynskjer arbeid i skule, SFO eller begge, og kor stor stilling ein ynskjer.
Kvalifikasjonar
Fagarbeidar B/U.
Utdanning innan teiknspråk/teikn til tale.
Helsefagleg kompetanse.
Det vert stilt krav om politiattest i stillingane. Vi arbeider for kjønnsmessig balanse i personalgruppa, og oppmodar difor menn om å søke på stillingane.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ.
Kontaktinformasjon
Gry Osnes Nordal, Kommunalsjef oppvekst og kultur, 90640134
Arbeidsstad
Sjøgata 63
6065 Ulsteinvik
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ulstein kommune
Referansenummer:4082956515
Stillingsprosent: 80-100%
Søknadsfrist: 25.05.2019
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.