Fagarbeidarar og miljøveiledarar
Time kommune vil legga til rette for samarbeid med fagområdet Helse og Velferd, slik at små stillingar i SFO kan kombinerast med helgestilling i helse/avlastning om det er ønskeleg med større stillingsprosent.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, føresette og få ansvar for å følgja opp elevar enkeltvis, i grupper og i klassar.Kvalifikasjonar
Relevant utdanning som:
- Fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar.
- Bachelorutdanning, fortrinnsvis vernepleiar og barnevernspedagog.
Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du har pågangsmot og er initiativrik
- Viser god omsorg og engasjement
- Du er robust, fleksibel og løysingsorientert
- Har god relasjonskompetanse
- Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Det blir lagt vekt på om søkaren er personleg eigna til jobben.
Me tilbyr:
Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
Lønn etter tariff.
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø.
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling.
På nåverande tidspunkt har me ledig følgjande stillingar på desse skulane:
Det kan òg koma fleire ledige stillingar på andre skular, i andre storleikar og stillingstypar. Endeleg stillingsprosent vil vera ut frå behovet ved den enkelte skule.
Bryne skule
- 5 stillingar som fagarbeidar (40% fast)
Desse stillingane er knytt opp til SFO. I tre av desse stillingane vil det vera mogleg å kombinera med arbeid i skulen slik at stillinga totalt sett blir 80-90%. I dei to resterande stillingane vil skulen leggja tilrette for å kombinera SFO-stillinga med stilling i helse/avlastning om det er ønskeleg med større stillingsprosent.
- 1 stilling som miljøveiledar (95% fast)
Stillinga er knytt opp til arbeid med elevar med særskilte behov i skule og SFO. Det er svært ønskeleg med erfaring frå arbeid med autisme i denne stillinga. Relevant høgskuleutdanning er ønska, men personleg eigna søkjarar med anna erfaring er også velkomne.
Rektor: Jone Siqveland, mob. 95269604
Du kan lesa meir om stillingane og skulen her: https://www.minskole.no/bryne
Frøyland skule
2 stillingar som fagarbeidar, 40% fast. Desse stillingane vil bli knytta opp mot SFO.
SFO- leiar: Olaug Iren Lode, tlf 51 77 65 04
Frøyland ungdomsskule
1 stilling som miljøveiledar, 70% fast. Utdanning som vernepleiar er ønskeleg, men anna høgare utdanning kan òg vera aktuelt.
Rektor: Karl Inge Aksnes, mob. 92841927
Du kan lesa meir om stillinga og skulen her: https://www.minskole.no/fus
Frøyland skule og Frøyland ungdomsskule har ledig 1 stilling 80% fast som operativ sosialfagleg ressursperson. Sjå annonse ref.4788519962
Lye skule
4 stillingar som fagarbeidar, ca. 40% storleik fast stilling i SFO. I minst to av stillingane er det mogleg med utviding i skule.
1 stilling 80% fast som operativ sosialfagleg ressursperson. Sjå annonse ref.4788519962
Rektor: Sigrid Hinnaland Kjetland, mob. 99046933
Du kan lesa meir om stillingane og skulen her: https://www.minskole.no/lyeskule
Rosseland skule
4 stillingar som fagarbeidar (40% -45% fast)
Stillingane er knytt opp til SFO. For to av stillingane vil det vera mogleg å kombinera med arbeid i skulen, slik at stillinga totalt sett blir 80-90%. I dei to resterande stillingane vil skulen leggja til rette for å kombinera SFO-stillinga med stilling i helse/avlastning om det er ønskeleg med større stillingsprosent.
Rektor: Geir Soma, mob. 97581636
Du kan lesa meir om stillingane og skulen her: https://www.minskole.no/rosseland
Undheim skule
1 stilling som fagarbeidar, 40% fast. Denne stillinga vil bli knytta opp mot SFO.
Rektor: Gerd Rusdal, mob 98635393
Vardheia ungdomsskule
1 stilling som miljøveiledar/fagarbeidar, 80% fast.
Det er ønskeleg med bakgrunn innan praktisk handverksfag/industrifag til denne stillinga.
Rektor: Eirik Jåtten, mob. 47309795
Du kan lesa meir om stillinga og skulen her: https://www.minskole.no/vardheia/artikkel/416408
Kontaktinformasjon
Sigrid Hinnaland Kjetland, Rektor, 99046933Jone Siqveland, rektor
Karl Inge Aksnes, konst.rektor
Geir Soma, Rektor, 97581636
Eirik Jåtten, Rektor
Gerd Rusdal, Rektor, 98635393
Monica Aga
Olaug Iren Lode, avdengsleiar SFO
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 304340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4788500322
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2024
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.