Byggeleiar tunneloppgraderingsprosjekt
Bergen
5008 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Byggeleiar tunneloppgradering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 29. november
Planlegging og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Byggherremiljøet er delt i fire geografiske einingar, utbygging nord ,utbygging sør, utbygging Bergen og utbygging vest.
I Vestland har vi over 30 tunnelar som skal oppgraderast etter tunnelsikkerhetsforskrifta. Til utbygging sør søkjer vi no etter ein byggeleiar for tunneloppgraderingsprosjekt sør i Vestland, i fyrste omgang Bergen og Kvam, for tida knytt til kontorstad Bergen. Det må påreknast utstasjonering på aktuelle prosjektkontor etter kvart og det kan i periodar bli aktuelt med skiftarbeid og /eller nattarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Styre prosjektering og ferdigstille konkurransegrunnlag for eige prosjekt
- Ansvar for utaberbeiding av SHA-planar, kontrollplanar og konkurransegrunnlag
- Lyse ut konkurranse og kontrahere
- Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet , framdrift og HMS på prosjekt
- Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
- Arbeidsleiaransvar for kontrollingeniør
- Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
- Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media.
- Ansvarlig for sluttdokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Min. 3-årig høgskuleutdanning frå relevant fagretning. Kravet om høgskuleutdanning kan fråvikast dersom du har fagbrev-/teknisk fagskule og lang relevant praksis frå fagområdet.
- Efaring frå gjennomføring av prosjekter og god kjennskap til Statens vegvesen sin prosesskode. Erfaring frå anleggsprosjekter innan ulike entrepriseformer vil bli vektlagt
- Erfaring frå rassikring og tunnelprosjekter. Dersom du har erfaring med bergsikring og bergmasseklassifisering vil det vere ein fordel.
- Betongkurs U3 og S2
- Førarkort klasse B
- Gode kunnskapar i bruk av relevante IKT-verktøy
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Du er strukturert og arbeider sjølvstendig, men jobbar også godt i lag med andre. Me ynskjer oss ein kollega som er engasjert og som bidreg både fagleg og sosialt. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar.Vi tilbyr
- Moglegheiter for både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande fagmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Fleksibel arbeidstid
Kontaktinformasjon
Gunhild Beate Nes Vangsnes, Seksjonsleiar, 95088609Roger Koch, Prosjektleiar, 95291415
Arbeidsstad
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune*Referansenr.: 4883065570
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Roger Koch
Prosjektleiar
95291415
Gunhild Beate Nes Vangsnes
Seksjonsleiar
95088609
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2792655
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8935554f43d44ca9849d9b978296ed63