Sjukepleiar
Vanylven helse og omsorgsenter, avd 2 Vanylven kommune
Reitebakkvegen 23, 6143 Fiskå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Avdeling 2 har totalt 25 plassar fordelt på tre grupper. Langtidsplassar, kortidsplassar og rehabilitering, KAD seng for akutt behandling, og rom for palliativ behandling. Her er også ei eiga skjerma eining for demens.
Som sjukepleiar på avdeling 2 jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser, rehabilitering av pasientar frå sjukehus og palliativ behandling i livets sluttfase. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld, med arbeid kvar tredje helg. I desember 2024 starta vi opp med årsturnus, noko som vil skape forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Avdeling 2 er lokalisert i andre etasje ved Vanylven helse-og omsorgssenter på Fiskå, som sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vanylven kommune har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Vi har også avtale om nedbetaling av studielån med 15% pr. år inntil 28 000,- dersom du bur eller flyttar til kommunen.
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no.
Arbeidsoppgåver
Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandlingSørge for god dokumentasjon, vi brukar Helseplattforma.
Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
Medikamenthandtering
Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre einingar
Sikre gode pasientforløp
Ta i bruk velferdstekologiske løysingar
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjend/autorisert skjukepleiar
Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
Godkjent politiattest
God kunnskap og dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
Gode språkkunnskaper i norsk både munnleg og skriftleg
Effektiv fleksibel og løysingsorientert
Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
Du arbeider for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljøDu likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
Du er fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
Du tek initiativ, er positiv, tilpasningsdyktig og tek ansvar
Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
Lønns og pensjonsbetingelsar iht tariffavtale
Faglege utfordringar
Spennande og variable kvardagar
Moglegheit for eigenutvikling
Positivt og godt etablert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
Moglegheit for tilrettelagt turnus
Tilrettelegging for vidareutdanning på områder som Vanylven kommune har behov for
Rekrutteringstillegg
Gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, 47638029Arbeidsstad
Reitebakkvegen 236143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4893474480
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Katrin Brekke Sunde
avdelingsleiar avd. 2
47638029
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807091
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fd3cb5d89aa246e2991823e4223c1f3f